
Det er fem baner i hallen. Frode fekk bane 1, Ingolf bane 4 og John bane 5. Vi fekk 5 skot prøveserie og med litt skruing på sikte var det berre å fyre laus. I standardpistol skyt ein 4 serier a 5 skot på 150 sek , 4 serier på 20 sek og til slutt 4 serier på 10 sek. Alle mot presisjonsskive på 25 meter.
Alle skyttarar var nøgd med innsatsen. Frode følte at formen vart bekrefta tross visse ukonsentrerte augneblink. Ingolf fekk mange gode serier tross 2 irriterande klikk på 20 sek serier. Konkurranse gav meirsmak, men viste nok behovet for eige våpen , og då gjerne matchvåpen. John viste stigande form etter mange fundamentale omleggingar i teknikken.
Bilete viser ein konsentrert Ingolf i 20 sek serie etter klikk.
John, Ingolf og Frode etter endt dyst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar