onsdag 31. oktober 2012

Trening og normaputer

Igår var det vanleg trening med greit oppmøte. Det hadde ikkje gjort om nokre fleire hadde funne vegen. Dei som kom fekk skyte så mykje som dei ville, og vi fekk også ein ny skyttar introdusert. Dei nye normaputene fekk også prøvd seg , og med god støtte var det tydeleg at det meste samla seg i midten for dei minste.

Ellers byrjar dei som har skote ei stund å få fine samlingar. Vi jobbar framleis litt med fotplassering, rette albogar mm, med godt resultat. Det er berre kort tid før dei fleste tek steget heilt ut og skyt med ei hand. Dei som har teke steget ut skyt med greie samlingar , så det er berre å kaste seg ut i det.

Klubben har også fått løyve til 2 nye våpen, og ein Benelli matchpistol er på veg. Vi har også tinga ein Hammerli x-esse, men det kan nok ta litt meir tid. Tilbodet til dei utan våpen vert utruleg mykje betre når dette kjem på plass.

onsdag 24. oktober 2012

ca 600 tomhylser...

... låg att på golvet etter skytetrening igår. Det likar vi. Bra oppmøte på trening og vi fekk også med oss 2 nye. Etter gjennomgang av reglar og sikkerheit var det rett i skyting. Dei imponerte stort med fine samlingar og dei fleste skot på blinken. Ikkje dårleg av nye skyttarar.

Stadig fleire skyt no med ei hand og skyt svært bra. Nivået stig så dette lovar bra.Sjølv om nokon går attede til 2 handsskyting fordi dei visstnok ikkje har fått trent nok (hint, hint) så likar vi framgangen.

Vi har ellers fått laga oss nokon normaputer, som dei på 12 år kan bruke i sitjande stilling når dei skal skyte og konkurrere. Dei opp til 14 kan også nytte desse, men skal berre skyte med ei hand når dei sit.

Opplæringshefte i pistolskyting frå Skyttarforbundet er også skaffa, og kan kjøpast for kr 100 for dei som ikkje vil bestille dette sjølv. Det er eit svært godt og kortfatta hefte der ein får med seg det vesentlege for å komme i gang som god skyttar. Det er også ein god database for øvingar /oppvarming/styrke/tøyingar for dei som ønskar dette.

Vi minner også om at Båtbygg har sponsa oss med kr 5000 til ein flott luftpistol som alle kan få prøve /trene med på trening. Den er svært god og gjev svært god trening.

torsdag 11. oktober 2012

Einhandsskyting...

Ny trening i går. Relativt godt oppmøte, og dei fleste fekk gå gjennom 100 skot før kvelden var omme.

For oss litt "erfarne" skyttarar er det spennande å sjå at dei fleste no skyt med ei hand. Dei jobbar med avtrekk, grep, posisjon , og skota sit der dei skal. Det kan vel ikkje vere umogleg at vi snart dreg med fleire skyttarar på konkurranse ??????

søndag 7. oktober 2012

Standard i Ålesund

I dag sende sportsskyttarlaget eit mannsterkt lag til konkurranse i standardpistol i Ålesund. Dessverre hadde vi ingen kvinnelege skyttarar med, men vonar dei kjem med seinare.

Avreise 0800 og med eit lite bomskot på ferge vart turen litt lang. Mykje hyggeleg skyteprat undervegs gjorde likevel at turen til Ålesund brått var over . Vel framme i ein kjølig fjellhall i Verpingvika vart vi teken godt i mot, og fekk skyte i første lag. Før skyting vart vi registrert , og alle var samde om at det var moro å treffe nye skyttarar - ha, ha.

Det er fem baner i hallen. Frode fekk bane 1, Ingolf bane 4 og John bane 5. Vi fekk 5 skot prøveserie og med litt skruing på sikte var det berre å fyre laus. I standardpistol skyt ein 4 serier a 5 skot på 150 sek , 4 serier på 20 sek og til slutt 4 serier på 10 sek. Alle mot presisjonsskive på 25 meter.

Alle skyttarar var nøgd med innsatsen. Frode følte at formen vart bekrefta tross visse ukonsentrerte augneblink. Ingolf fekk mange gode serier tross 2 irriterande klikk på 20 sek serier. Konkurranse gav meirsmak, men viste nok behovet for eige våpen , og då gjerne matchvåpen.  John viste stigande form etter mange fundamentale omleggingar i teknikken.


Bilete viser ein konsentrert Ingolf i 20 sek serie etter klikk.


















John, Ingolf og Frode etter endt dyst.