tirsdag 25. desember 2012

Romjulstreff med kosepuss ?

Siste offisielle trening dette året vart onsdag 19. desember. Som vanleg godt oppmøte , og jamnt dei fleste sende avgarde minst 100 skot.

Når eg stod litt tilbake og betrakta skyttarane gjorde eg følgande observasjon :


Nettopp. Alle skyt med ei hand som det mest naturlege, og trivast med det. I tillegg kan eg røpe at vi brukar mindre og mindre kvite lappar.

Enno er folk litt trege med å bruke lp2, så det er berre  å hive seg rundt.

I romjula vert vert det ikkje vanleg skyting, men laurdag 29 des kl 17 satsar vi på eit lite kosetreff . Vi skal prøve å pusse litt klubbvåpen (det trengs) , men det vert også moglegheit for å skyte. Vi set ikkje som krav at ein pusser  våpen, men vi vert svært glad om ein prøver seg på våpenpuss.

fredag 14. desember 2012

Ny pistol og ein gammal med lett avtrekk

http://www.topguns.ch/images/big/Haemmerli.x-esse.659440673.jpg Onsdag var det på ny trening, ein av dei siste før jul. Den nye Hammerlien vart testa av fleire og vekte åtgaum. Dei som hadde skutt med matchpistol merka seg at den nok hadde litt høgare kjernelinje, men den sat godt i handa og var presis . God å skyte med og.






http://www.browning.com/support/files/images/brn/2012-All/2012-Product-Content/Buck-Mark-Plus-Stainless-Black-Laminated-UDX-MID-051427-m.jpg


Vår gamle Browning Buckmark har tidlegare hatt eit avtrekk opp mot 2 kg, som er for tungt. Etter å lese litt vart ei fjør snudd , såkalla "Heggis" etter han som oppdaga det. Etter dette vart avtrekket målt til 1,4 kg, noko som må seiast å vere akseptabelt.



Det var i alle fall ei fryd å sjå skyttarane skyte med Benelli, Hammerli og Buckmark, med nokre private matchvåpen til på linja. Framme er det stort sett svarte skivelapper det går i , og det er jo kjekt.

Nye skyttarar var også tilstades, og det tok ikkje mange skota før det vanlege smilet lyste opp. Det spørs om vi har fått enno fleire faste .

http://shop.field-target.ee/image/cache/data/product/steyr/lp2/Steyr%20LP2%20silver%20blue%20rb-1000x600.png
Det som vi legg merke til er at luftvåpenet vårt, LP2, førebels ikkje får køyrt seg særleg. Det er jo synd, så her må ein berre kaste seg frampå. Det går jo godt an å skyte ein del skot med den før ein går over til krutt ila kvelden ?

søndag 9. desember 2012

Ny pistol - Hämmerli x-esse sport.

Då har vi fått testa det nye klubbvåpenet. I forhold til matchvåpen litt rett skjefte, men god balanse, fin mekanisme, fantastisk avtrekk. Brukt korrekt gjev den fine samlingar og er ein draum å skyte.

Det er berre å møte opp på onsdag for å prøve. Garantert vil mange som vil like denne.

torsdag 29. november 2012

Damene kjem.....

Igår var det ny trening. Vi gler oss over stadig fleire damer og jenter som møter opp , og som kjem att. Dei er minst like læreviljuge som menn/gutar, og til skilnad frå menn generelt lyttar dei. Summen er raskare framgang ?

Benellien får køyrd seg, og dei som først tek i han, vil ikkje sleppe den frå seg. Det er ikkje sjeldan 50 skot lagar eit stort samanhengande hol, og med dertil passande gledessmil hjå skyttaren. Vi ventar på ein hammerli x-esse, men det er klart vi må jobbe for å skaffe fleire matchvåpen.

Ellers hadde vi også gleda av 2 nye skyttarar som synte seg å vite kvar blinken var - fine samlingar. Vi vonar at dei kjem att for meir kos på skytebana.

onsdag 7. november 2012

Full fres og matchpistol

På trening i går var det større oppmøte enn vi har sett på lenge. Mange gode skyttarar kom innom og sende 50-100 skot i rett retning. Svært mange av desse traff det svarte , og ein del også midt i det svarte.

Det er kjekt å sjå at alle skyt betre og betre, stadig fleire skyt med ei hand og betrar skyteteknikken frå gong til gong. Vi selde igår 3 hefter om korleis ein skal skyte pistol, så vi reknar med at stadig fleire gjer heimelekse :-)

Dei under 12 år fekk igår prøve å skyte med normapute og god støtte. Med fantastisk resultat. Flotte samlingar, så det er ikkje tvil om at desse putene er eit godt hjelpemiddel i avtrekkskontroll. Fleire slike skal skaffast, det same gjeld puter til å bygge opp under.

Benelli matchpistol var også på plass. Gløden lyste i augene på dei som prøvde den. Borte var rekyl, munningsvipp og slikt. Det var nesten som dei lurte på om dei bomma då ingen skot var synlege frå standplass. Vel framme ved skiva var det berre å konstatere treff i små haldområder. Spørs om vi ikkje har fått oss nokre fleire konkuranseskyttarar etterkvart ....

onsdag 31. oktober 2012

Trening og normaputer

Igår var det vanleg trening med greit oppmøte. Det hadde ikkje gjort om nokre fleire hadde funne vegen. Dei som kom fekk skyte så mykje som dei ville, og vi fekk også ein ny skyttar introdusert. Dei nye normaputene fekk også prøvd seg , og med god støtte var det tydeleg at det meste samla seg i midten for dei minste.

Ellers byrjar dei som har skote ei stund å få fine samlingar. Vi jobbar framleis litt med fotplassering, rette albogar mm, med godt resultat. Det er berre kort tid før dei fleste tek steget heilt ut og skyt med ei hand. Dei som har teke steget ut skyt med greie samlingar , så det er berre å kaste seg ut i det.

Klubben har også fått løyve til 2 nye våpen, og ein Benelli matchpistol er på veg. Vi har også tinga ein Hammerli x-esse, men det kan nok ta litt meir tid. Tilbodet til dei utan våpen vert utruleg mykje betre når dette kjem på plass.

onsdag 24. oktober 2012

ca 600 tomhylser...

... låg att på golvet etter skytetrening igår. Det likar vi. Bra oppmøte på trening og vi fekk også med oss 2 nye. Etter gjennomgang av reglar og sikkerheit var det rett i skyting. Dei imponerte stort med fine samlingar og dei fleste skot på blinken. Ikkje dårleg av nye skyttarar.

Stadig fleire skyt no med ei hand og skyt svært bra. Nivået stig så dette lovar bra.Sjølv om nokon går attede til 2 handsskyting fordi dei visstnok ikkje har fått trent nok (hint, hint) så likar vi framgangen.

Vi har ellers fått laga oss nokon normaputer, som dei på 12 år kan bruke i sitjande stilling når dei skal skyte og konkurrere. Dei opp til 14 kan også nytte desse, men skal berre skyte med ei hand når dei sit.

Opplæringshefte i pistolskyting frå Skyttarforbundet er også skaffa, og kan kjøpast for kr 100 for dei som ikkje vil bestille dette sjølv. Det er eit svært godt og kortfatta hefte der ein får med seg det vesentlege for å komme i gang som god skyttar. Det er også ein god database for øvingar /oppvarming/styrke/tøyingar for dei som ønskar dette.

Vi minner også om at Båtbygg har sponsa oss med kr 5000 til ein flott luftpistol som alle kan få prøve /trene med på trening. Den er svært god og gjev svært god trening.

torsdag 11. oktober 2012

Einhandsskyting...

Ny trening i går. Relativt godt oppmøte, og dei fleste fekk gå gjennom 100 skot før kvelden var omme.

For oss litt "erfarne" skyttarar er det spennande å sjå at dei fleste no skyt med ei hand. Dei jobbar med avtrekk, grep, posisjon , og skota sit der dei skal. Det kan vel ikkje vere umogleg at vi snart dreg med fleire skyttarar på konkurranse ??????

søndag 7. oktober 2012

Standard i Ålesund

I dag sende sportsskyttarlaget eit mannsterkt lag til konkurranse i standardpistol i Ålesund. Dessverre hadde vi ingen kvinnelege skyttarar med, men vonar dei kjem med seinare.

Avreise 0800 og med eit lite bomskot på ferge vart turen litt lang. Mykje hyggeleg skyteprat undervegs gjorde likevel at turen til Ålesund brått var over . Vel framme i ein kjølig fjellhall i Verpingvika vart vi teken godt i mot, og fekk skyte i første lag. Før skyting vart vi registrert , og alle var samde om at det var moro å treffe nye skyttarar - ha, ha.

Det er fem baner i hallen. Frode fekk bane 1, Ingolf bane 4 og John bane 5. Vi fekk 5 skot prøveserie og med litt skruing på sikte var det berre å fyre laus. I standardpistol skyt ein 4 serier a 5 skot på 150 sek , 4 serier på 20 sek og til slutt 4 serier på 10 sek. Alle mot presisjonsskive på 25 meter.

Alle skyttarar var nøgd med innsatsen. Frode følte at formen vart bekrefta tross visse ukonsentrerte augneblink. Ingolf fekk mange gode serier tross 2 irriterande klikk på 20 sek serier. Konkurranse gav meirsmak, men viste nok behovet for eige våpen , og då gjerne matchvåpen.  John viste stigande form etter mange fundamentale omleggingar i teknikken.


Bilete viser ein konsentrert Ingolf i 20 sek serie etter klikk.


















John, Ingolf og Frode etter endt dyst.

torsdag 27. september 2012

Samlingane kryp saman

Igår var det på ny trening med mykje smell. Vi var 8 som fann vegen til Nordfjordhallen , og dei fleste sende avgarde minst 100 skot.

Som skyteleier er det moro å kunne gje tips og råd, og når ein så ser at dei gjev resultat....

Samlingane i skivene går saman, og stadig fleire klarer å samle dei fleste skota i det svarte.

Vi har plass til fleire, så det er berre å komme.

onsdag 19. september 2012

Nye skyttarar strøymer til.

Treninga idag åpna med at 2 nye skyttarar møtte opp, noko som var gledeleg. Ei av dei nye vart med ei som hadde si første skyting forrige gong. For oss er det svært gledeleg at nye skyttarar trivast og dreg med seg nye.

Opplæring vart gjeve som tidlegare på individuell basis med gjennomgang av våpen , sikkerheitsreglar mm. Dette kan alle som kjem til oss rekne med. Ein får også med vår velkomstbrosjyre med alle viktige opplysningar og vårt nye visittkort med bloggadressa.

Gledeleg var det og at skyttarar som av ulike årsaker ikkje har kunne møte på ei stund fann vegen attende.

LP2 Compact (vår nye luftpistol) fekk køyrd seg, og tanken måtte fyllast 2 gongar ila treninga. Det kan vi like.

Alt i alt var det aktivitet på nesten alle baner heile treninga, noko som resulterte i ein del tomhylser som måtte kostast opp. Men , det er noko som vi set stor pris på, måtte det bli meir.


onsdag 12. september 2012

Så var vi igang.

Igår kveld var vi igang der vi slapp før sommaren kom til Vestlandet.  Totalt 12 stk møtte opp til trening. Ein skyttar som fekk prøve LP2 sist gong ville kun skyte med denne, så innkjøp av denne var nok ein god ide. Det var stort sett skyttarar som har vore der tidlegare, men eg talde 2 nye skyttarar som begge melde frå om at dette var moro. Vi vonar at dei kjem attende og vert medlem.

Vi minner alle om at nye skytetider er frå 18.30-20.30, altså ein time tidlegare enn det var tidlegare.

Det kan også tenkast at det vert høve til ekstra treningar, og vi vil prøve å skrive det her på bloggen slik at dei som vil kan vere med.

onsdag 5. september 2012

Mjuk start.

Sjølv om det grunna NM har vore ein viss aktivitet heile sommaren, var det formelt oppstart i går. Med nytt tidspunkt var vi litt spent på om det var mange som ville komme.

Vi får kalle det ein mjuk start, då kun 6 møtte opp. Dessverre ingen nye skyttarar. Dei som kom fekk derimot boltre seg i 2 timar på kva si bane. Sidan vi slutta før sommaren har det komme 4 stativ til å hjelpe i oppstart og ein ny LP2 compact, noko som kom til nytt igår. Skyttaren som fekk kose seg med LP2 var storvegs nøgd, ein reknar med eit visst kjøpepress framover :-)

Dei fleste prøvde seg på press, sjølv om eit par av oss jobba mest med duellskiver. Om kort tid skal minst ein av oss ut i konkurranse i hurtig fin og luftpistol........

Sesongstart

Då ynskjer vi alle velkomne til ei ny sesong. Som vanleg skyt vi i Samfunnshallen, men vi har no flytta tidspunktet ein time fram , 18.30-20.30.

Vi voner at alle skyteinteresserte frå 12 og oppover kjem for å prøve seg.