tirsdag 16. april 2013

Bra skyting, teknisk litt bom

Vågsøy sportsskyttarlag sende 24 mars avgarde 5 skyttarar til konkurrase i Ørsta i standardpistol.


http://www.folkeweb.no/ftp_ovpk/2013/20130324_Oersta.htm


Standardpistol er den greina vi førebels har trent mest på . Den er kan hende ein av dei vanskelegaste , då ein i tillegg til stor presisjon , dvs liten blink, må konkurrere under stadig større tidspress. Ein skyt på ISSF presisjonsskive på 25 meter, åpne sikter og kun lov å halde pistol med ei hand. Til saman skyt ein 12 serier a 5 skot, dvs 60 skot. Dei første 4 serier på 150 sek på 5 skot, og ein har då god tid. Dei neste 4 serier har ein 20 sek på 5 skot, her må ein konsentrere seg enno meir. Dei siste 4 serier skal kvar skytast på 10 sekund. Her må ein ha fullt fokus for i det heile å få avgarde 5 kontrollerte skot, så det å treffe krever mykje av skyttaren.

Generelt svært god skyting, men vi var prega av nokre tekniske problem.


Vi sende avgarde ein rekordstor gjeng for oss å vere, 5 skyttarar, der 2 var heilt ny tilSKOT til konkurranseskyting.


Jan Arne Silden deltok for første gong. 8 plass i gruppe D er respektabelt, med tanke på at han hadde ein del tekniske problem. Treffa kom bra i byrjinga, men nokre små tekniske problem gjorde at konsentrasjonen var vanskeleg å halde oppe i dei raske seriane.


Tore Lund har tidlegare ein del erfaring frå skyting, men konkurranseskyting var nytt også for han. Tore har sjølv etter kort tids trening vist talent og evne til å få mange skot raskt i senter på blinken. Konkurrransen starta bra, men også han fekk dessverre ein teknisk svikt. Trenarane har nok svikta litt, slik at han ikkje fekk ordna dette raskt nok og mista nokre skot. Tross dette jobba han seg attende og fekk ein svært bra 4.plass. Med litt meir rutine og betre trenaroppfølging så vil nok dette gå til topps ganske fort.


Ingolf Bergh har skote nokre gongar før, og var ein av to utan tekniske vanskar i konkurransen. Han held fram med jamn stiging i resultat og enda på 3 plass. Som for dei fleste andre ligg utfordringa i dei siste omgangane, framover vil nok hurtigskyting stå på programmet.


John Marriott må vel også reknast som ein relativt erfaren skyttar. Han har tidlegare hatt ein del tekniske vanskar, så også denne gongen. Sky temessig gjekk det svært bra og han henta inn siger i klasse D. Dette på tross av at han ikkje skaut så mange skot som dei andre. Ein klikk i magasinet gjorde at han fekk underkjend feil og dermed ikkje fekk skyte opp att. Det seier litt om kor bra han har skote i resten av konkuransen. Vi ser med spenning fram til neste konkurranse.


Frode Hestdal var den andre utan tekniske vanskar i konkurransen. Resultatet var i samme nivå som tidlegare, med auke i personleg rekord med eit poeng. Han har også størst utfordring i hurtigskyting, men klarte å halde fokus relativt bra. Dessverre mangla 3 poeng på å halde seg i gruppe B, så han må yte betre i konkurransar fram til oktober.

fredag 1. mars 2013

Sånn skal det gjerast ......



Den skiva er frå ein av våre unge skyttere, C.L. Det var ikkje den einaste skiva som var slik, ho hadde mange slike.  Om ikkje lenge må vi vel "tvinge" ho med oss på ein konkurranse :-)

Ellers hadde vi greit oppmøte sist. Det var ikkje stappfullt, slik at alle fekk skyte så mykje dei ønska.

Vi har framleis eit for stort forbruk av svarte lappar, og bruker lite kvite. Det får vi heller leve med.

tirsdag 19. februar 2013

Hugs å betale medlemsskap.

Vi minner om at skyttarane må hugse å betale medlemsskap. Det er fleire grunnar til dette.

Framover vil betalande medlem vere dei som slepp til , dette då vi har fått det luksusproblemet at mange synest skyting er moro. Dei som ikkje er medlem vil få opplæring første onsdag kvar månad.

Dei som seinare ønskar å kjøpe våpen, MÅ vere medlem i MINST 6 mnd og ha eit aktivt medlemsskap. Det er dato frå betalt medlemsskap som tel. I tillegg må ein ha sikkerheitskurs, men dette vil ein få ila desse månadane.

Klubben betaler også inn kontigent til krins og forbund. Det er då viktig at medlem har betalt medlemsskap slik at klubben ikkje taper på dette.

Ellers er det skyting i morgon, så det er berre å møte opp.


torsdag 7. februar 2013

Hui kor det går.

Dei 2 siste treningane har vore ei oppleving for oss som driv klubben. Oppmøte har vore strålande, både av dei som skyt luft og dei som skyt krutt.

Vår unge luftskyttere gjer det bra. Dei tek til seg råd og lærdom fort. Samlingane vert mindre og mindre . I går jobba vi litt med etterhald, med det resultat at treffprosenten auka. Vi bør snart stille litt på sikter individuelt, slik at ein kan få samlingane i midten. Dei små aluminiumsringane vart og trekt fram , og ping ping er kjekt i mellom treff på papirblinkar. Spesielt kjekt er det når dei seier ping kvar gong. Det skal også nemnast at ikkje alle vaksne som prøver seg treff.

Vi prøver no å prioritere 2 baner til våre unge skyttere fast slik at dei ikkje må vente for lenge.

Gjengen som står med brei beinføring , både dei med høg hæl og låg hæl, og som skyt med .22 i ei hand gjer det også bra. Haldområdet på mange er ikkje berre svart, men faktisk også mindre områder av det svarte. Skyttarane kan i mange tilfelle jobbe med små element, og det er også moro når dette gjev resultat. Balanse, pust, etterhald og avtrekk er mellom dei elementa som ein får råd om Og folk prøver. Det kjekt det.

No må vi berre få med oss desse på konkurranse. Vi har glatt 3-4 unge skyttere som kunne konkurrert imorgon, og det samme gjeld også dei som skyt med krutt. Eg seier ikkje at alle vil vinne, men absolutt kan gjere det skarpt og på same tid utvikle seg vidare. 

Vi vonar berre at folk gjev tilbakemelding om dei føler noko kan gjerast betre.


fredag 25. januar 2013

Det går stadig framover.... vi vert sosiale !!!

Sist klubbtrening var ein ny opptur. Prisane er gått opp litt, frå 35 til 50 kr pr kveld, men det verka ikkje som det var noko problem. Oppmøte var på ny upåklageleg, og det er verkeleg kjekt å sjå stadig nye matchpistolar i klubben. Klubben har fått enno ein ny Benelli, slik at vi no har 2. Det var også komme ein privat Matchgun2 på linja - denne vert spennande å følge.

For første gong var vi skikkeleg sosiale i tillegg. Dvs folk kom for å skyte, men både før og etter brukte dei lang tid i rommet utanfor. Det vart dermed tid for både våpenprat, skyteprat og anna prat. Det viktige er at folk trivast.





Her har vi ei av vår unge lovande. Djup konsentrasjon, og lyttande haldning er svært viktig. Resultata er også deretter. Mange hol i det svarte, svært få i det kvite. Dette likar vi.


Her er også ei av våre nye unge skyttere. Vi fekk stilt inn siktene slik at holdområdet var i midten. Også her var det svært få hol i det kvite (om nokon i det heile). Teknikken er her heller ikkje noko å seie på.

onsdag 16. januar 2013

Klubbens beste kveld så langt....???

Treningskvelden ikveld var beint fram fantastisk. Oppmøte har ikkje vore så bra nokon gong. I tillegg skyt våre meir erfarne skyttarar betre og betre. Det vert om lag ikkje brukt kvite lappar ....

Våre nye luftvåpen fekk køyrd seg. Vi fekk fleire nye unge skyttarar , samt nokon som har vore der nokre få gongar. Dei fleste unge valde å skyte med luft, normapute og sitjande. Resultatet var svært bra.

Ei ung dame som kjem frå nordom Skåra skaut fantastisk, nærast hol i hol. Her må pappa jobbe for å halde følge, sjølv om også han stort sett plasserte skota bra. Vi vonar dei begge held fram , slik at fleire kan vere med å konkurrere.

Av våre nye skyttarar må også ein par unge karar frå Holvik /Halnes nemnast. Alle viste god kontroll, høyrer etter og då vert resultata bra.

Vi vonar at dette held fram, og må klart jobbe med å få enno meir tid eller fleire kveldar. Ei hyggeleg utfordring for årsmøte kommande tysdag kl 18.00 vert å tilby enno fleire passande våpen og trenarar til desse nye skyttararne. Alle som har tid må komme.

torsdag 10. januar 2013

2013 - så var vi igang (og snart årsmøte)

Igår var det på ny full trening i hallen. Godt oppmøte av dei som har vore medlem ei stund, og dei som nyleg har vorte medlem.Dei fleste båsane på bana var opptekne frå start til slutt, og nokon kilo med hylser låg att.

Det vart skote med både luft og .22. Gledeleg å sjå at vår nye LP400 compact fekk køyrd seg, og at dei unge trivast med ein god luftpistol dei kan kontrollere.

Ein av skyttarane hadde eit ekstra stort smil i går. Årsaken var ein splitter ny Morini .22 . Det var raskt tydeleg at det var eit godt kjøp, samlingane var svært bra.

Det ser ut som vi må arrangere årsmøte 22. jan . Det er for kort varsel , men vi prøver oss. Dersom ikkje det kjem protestar ,går det vel greit. Av praktiske hensyn må vi gjere det no, ellers må vi vente til langt ut i mars.

Årsmelding og saksliste skal leggast ut her så snart dei er klare. I utgangspunktet er det vanlege årsmøtesaker, men vi kjem også til å gå gjennom ein del praktiske problemstillingar i forhold til gjennomføring av treningar, nye medlem mm. Dette for å kunne drive klubben så saumfritt som råd etter alle dei prioriteringar som ligg føre frå NIF/NSF. Vi oppmodar alle å setje av tid med ein gong. 


tirsdag 1. januar 2013

Onsdag 2 jan kl 18.30

Oppstart etter jul vert 2 jan.

Ellers må vi skryte av alle dei 3 som møtte opp på romjulspussen, der alle klubbvåpen vart demontert og pussa :-)

tirsdag 25. desember 2012

Romjulstreff med kosepuss ?

Siste offisielle trening dette året vart onsdag 19. desember. Som vanleg godt oppmøte , og jamnt dei fleste sende avgarde minst 100 skot.

Når eg stod litt tilbake og betrakta skyttarane gjorde eg følgande observasjon :


Nettopp. Alle skyt med ei hand som det mest naturlege, og trivast med det. I tillegg kan eg røpe at vi brukar mindre og mindre kvite lappar.

Enno er folk litt trege med å bruke lp2, så det er berre  å hive seg rundt.

I romjula vert vert det ikkje vanleg skyting, men laurdag 29 des kl 17 satsar vi på eit lite kosetreff . Vi skal prøve å pusse litt klubbvåpen (det trengs) , men det vert også moglegheit for å skyte. Vi set ikkje som krav at ein pusser  våpen, men vi vert svært glad om ein prøver seg på våpenpuss.

fredag 14. desember 2012

Ny pistol og ein gammal med lett avtrekk

http://www.topguns.ch/images/big/Haemmerli.x-esse.659440673.jpg Onsdag var det på ny trening, ein av dei siste før jul. Den nye Hammerlien vart testa av fleire og vekte åtgaum. Dei som hadde skutt med matchpistol merka seg at den nok hadde litt høgare kjernelinje, men den sat godt i handa og var presis . God å skyte med og.






http://www.browning.com/support/files/images/brn/2012-All/2012-Product-Content/Buck-Mark-Plus-Stainless-Black-Laminated-UDX-MID-051427-m.jpg


Vår gamle Browning Buckmark har tidlegare hatt eit avtrekk opp mot 2 kg, som er for tungt. Etter å lese litt vart ei fjør snudd , såkalla "Heggis" etter han som oppdaga det. Etter dette vart avtrekket målt til 1,4 kg, noko som må seiast å vere akseptabelt.



Det var i alle fall ei fryd å sjå skyttarane skyte med Benelli, Hammerli og Buckmark, med nokre private matchvåpen til på linja. Framme er det stort sett svarte skivelapper det går i , og det er jo kjekt.

Nye skyttarar var også tilstades, og det tok ikkje mange skota før det vanlege smilet lyste opp. Det spørs om vi har fått enno fleire faste .

http://shop.field-target.ee/image/cache/data/product/steyr/lp2/Steyr%20LP2%20silver%20blue%20rb-1000x600.png
Det som vi legg merke til er at luftvåpenet vårt, LP2, førebels ikkje får køyrt seg særleg. Det er jo synd, så her må ein berre kaste seg frampå. Det går jo godt an å skyte ein del skot med den før ein går over til krutt ila kvelden ?

søndag 9. desember 2012

Ny pistol - Hämmerli x-esse sport.

Då har vi fått testa det nye klubbvåpenet. I forhold til matchvåpen litt rett skjefte, men god balanse, fin mekanisme, fantastisk avtrekk. Brukt korrekt gjev den fine samlingar og er ein draum å skyte.

Det er berre å møte opp på onsdag for å prøve. Garantert vil mange som vil like denne.

torsdag 29. november 2012

Damene kjem.....

Igår var det ny trening. Vi gler oss over stadig fleire damer og jenter som møter opp , og som kjem att. Dei er minst like læreviljuge som menn/gutar, og til skilnad frå menn generelt lyttar dei. Summen er raskare framgang ?

Benellien får køyrd seg, og dei som først tek i han, vil ikkje sleppe den frå seg. Det er ikkje sjeldan 50 skot lagar eit stort samanhengande hol, og med dertil passande gledessmil hjå skyttaren. Vi ventar på ein hammerli x-esse, men det er klart vi må jobbe for å skaffe fleire matchvåpen.

Ellers hadde vi også gleda av 2 nye skyttarar som synte seg å vite kvar blinken var - fine samlingar. Vi vonar at dei kjem att for meir kos på skytebana.

onsdag 7. november 2012

Full fres og matchpistol

På trening i går var det større oppmøte enn vi har sett på lenge. Mange gode skyttarar kom innom og sende 50-100 skot i rett retning. Svært mange av desse traff det svarte , og ein del også midt i det svarte.

Det er kjekt å sjå at alle skyt betre og betre, stadig fleire skyt med ei hand og betrar skyteteknikken frå gong til gong. Vi selde igår 3 hefter om korleis ein skal skyte pistol, så vi reknar med at stadig fleire gjer heimelekse :-)

Dei under 12 år fekk igår prøve å skyte med normapute og god støtte. Med fantastisk resultat. Flotte samlingar, så det er ikkje tvil om at desse putene er eit godt hjelpemiddel i avtrekkskontroll. Fleire slike skal skaffast, det same gjeld puter til å bygge opp under.

Benelli matchpistol var også på plass. Gløden lyste i augene på dei som prøvde den. Borte var rekyl, munningsvipp og slikt. Det var nesten som dei lurte på om dei bomma då ingen skot var synlege frå standplass. Vel framme ved skiva var det berre å konstatere treff i små haldområder. Spørs om vi ikkje har fått oss nokre fleire konkuranseskyttarar etterkvart ....

onsdag 31. oktober 2012

Trening og normaputer

Igår var det vanleg trening med greit oppmøte. Det hadde ikkje gjort om nokre fleire hadde funne vegen. Dei som kom fekk skyte så mykje som dei ville, og vi fekk også ein ny skyttar introdusert. Dei nye normaputene fekk også prøvd seg , og med god støtte var det tydeleg at det meste samla seg i midten for dei minste.

Ellers byrjar dei som har skote ei stund å få fine samlingar. Vi jobbar framleis litt med fotplassering, rette albogar mm, med godt resultat. Det er berre kort tid før dei fleste tek steget heilt ut og skyt med ei hand. Dei som har teke steget ut skyt med greie samlingar , så det er berre å kaste seg ut i det.

Klubben har også fått løyve til 2 nye våpen, og ein Benelli matchpistol er på veg. Vi har også tinga ein Hammerli x-esse, men det kan nok ta litt meir tid. Tilbodet til dei utan våpen vert utruleg mykje betre når dette kjem på plass.

onsdag 24. oktober 2012

ca 600 tomhylser...

... låg att på golvet etter skytetrening igår. Det likar vi. Bra oppmøte på trening og vi fekk også med oss 2 nye. Etter gjennomgang av reglar og sikkerheit var det rett i skyting. Dei imponerte stort med fine samlingar og dei fleste skot på blinken. Ikkje dårleg av nye skyttarar.

Stadig fleire skyt no med ei hand og skyt svært bra. Nivået stig så dette lovar bra.Sjølv om nokon går attede til 2 handsskyting fordi dei visstnok ikkje har fått trent nok (hint, hint) så likar vi framgangen.

Vi har ellers fått laga oss nokon normaputer, som dei på 12 år kan bruke i sitjande stilling når dei skal skyte og konkurrere. Dei opp til 14 kan også nytte desse, men skal berre skyte med ei hand når dei sit.

Opplæringshefte i pistolskyting frå Skyttarforbundet er også skaffa, og kan kjøpast for kr 100 for dei som ikkje vil bestille dette sjølv. Det er eit svært godt og kortfatta hefte der ein får med seg det vesentlege for å komme i gang som god skyttar. Det er også ein god database for øvingar /oppvarming/styrke/tøyingar for dei som ønskar dette.

Vi minner også om at Båtbygg har sponsa oss med kr 5000 til ein flott luftpistol som alle kan få prøve /trene med på trening. Den er svært god og gjev svært god trening.

torsdag 11. oktober 2012

Einhandsskyting...

Ny trening i går. Relativt godt oppmøte, og dei fleste fekk gå gjennom 100 skot før kvelden var omme.

For oss litt "erfarne" skyttarar er det spennande å sjå at dei fleste no skyt med ei hand. Dei jobbar med avtrekk, grep, posisjon , og skota sit der dei skal. Det kan vel ikkje vere umogleg at vi snart dreg med fleire skyttarar på konkurranse ??????

søndag 7. oktober 2012

Standard i Ålesund

I dag sende sportsskyttarlaget eit mannsterkt lag til konkurranse i standardpistol i Ålesund. Dessverre hadde vi ingen kvinnelege skyttarar med, men vonar dei kjem med seinare.

Avreise 0800 og med eit lite bomskot på ferge vart turen litt lang. Mykje hyggeleg skyteprat undervegs gjorde likevel at turen til Ålesund brått var over . Vel framme i ein kjølig fjellhall i Verpingvika vart vi teken godt i mot, og fekk skyte i første lag. Før skyting vart vi registrert , og alle var samde om at det var moro å treffe nye skyttarar - ha, ha.

Det er fem baner i hallen. Frode fekk bane 1, Ingolf bane 4 og John bane 5. Vi fekk 5 skot prøveserie og med litt skruing på sikte var det berre å fyre laus. I standardpistol skyt ein 4 serier a 5 skot på 150 sek , 4 serier på 20 sek og til slutt 4 serier på 10 sek. Alle mot presisjonsskive på 25 meter.

Alle skyttarar var nøgd med innsatsen. Frode følte at formen vart bekrefta tross visse ukonsentrerte augneblink. Ingolf fekk mange gode serier tross 2 irriterande klikk på 20 sek serier. Konkurranse gav meirsmak, men viste nok behovet for eige våpen , og då gjerne matchvåpen.  John viste stigande form etter mange fundamentale omleggingar i teknikken.


Bilete viser ein konsentrert Ingolf i 20 sek serie etter klikk.


















John, Ingolf og Frode etter endt dyst.

torsdag 27. september 2012

Samlingane kryp saman

Igår var det på ny trening med mykje smell. Vi var 8 som fann vegen til Nordfjordhallen , og dei fleste sende avgarde minst 100 skot.

Som skyteleier er det moro å kunne gje tips og råd, og når ein så ser at dei gjev resultat....

Samlingane i skivene går saman, og stadig fleire klarer å samle dei fleste skota i det svarte.

Vi har plass til fleire, så det er berre å komme.

onsdag 19. september 2012

Nye skyttarar strøymer til.

Treninga idag åpna med at 2 nye skyttarar møtte opp, noko som var gledeleg. Ei av dei nye vart med ei som hadde si første skyting forrige gong. For oss er det svært gledeleg at nye skyttarar trivast og dreg med seg nye.

Opplæring vart gjeve som tidlegare på individuell basis med gjennomgang av våpen , sikkerheitsreglar mm. Dette kan alle som kjem til oss rekne med. Ein får også med vår velkomstbrosjyre med alle viktige opplysningar og vårt nye visittkort med bloggadressa.

Gledeleg var det og at skyttarar som av ulike årsaker ikkje har kunne møte på ei stund fann vegen attende.

LP2 Compact (vår nye luftpistol) fekk køyrd seg, og tanken måtte fyllast 2 gongar ila treninga. Det kan vi like.

Alt i alt var det aktivitet på nesten alle baner heile treninga, noko som resulterte i ein del tomhylser som måtte kostast opp. Men , det er noko som vi set stor pris på, måtte det bli meir.